fredag 19. april 2013

Zoya - Dahlia

Zoya Dahlia er ein av PixieDust-lakkane frå Zoya, den andre eg har forutan raude Zoya Chyna som eg viste fram her på bloggen for nokre veker sia. Eg blei stormforelska i Chyna og er mildt sagt ikkje mindre begeistra for Dahlia.


Zoya Dahlia, i sola
Zoya Dahlia er altså ein svart glitterlakk som tørker til ei matt/ru yte. Basefargen er svart, eller kanskje koksgrå, og er tettpakka med masse sølvglitter. Derfor ser han ganske grå ut på neglen, utan at det plagar meg. Dei to PixieDust-lakkane eg har dekker ganske dårleg, så eg la eit lag svart lakk under to lag med Dahlia for at han skulle bli meir opak. Derfor kan det hende at han eigentleg er litt mørkare på mine bilete enn aleine.

Dette er nok ein av dei finaste lakkane eg har prøvd på lenge (og eg har prøvd maaaange lakkar i det siste) - ein definitiv favoritt hos meg! Han har glitter utan å vera for fest-aktig, er mørk utan å vera for svart, og er nøytral absolutt utan å vera kjedelig. Eit must!

Zoya Dahlia is my second PixieDust-varnish, and I absolutely love it.
Glittery, but not too much; dark, but not too black; neutral, but not at all boring. An absolute must!

Sjå kor flott han glitrar i sola.

I dagslys

2 kommentarer :

  1. Den var knallfin! Vet du om man får tak i den i Norge?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg fekk tak i han via ei som har kjøpt han i utlandet, og meg bekjent sel dei ikkje Zoya over disk i Norge. Men det går an å bestille han på nett.
      Eg veit at mange har brukt Mbeautylounge, men dei har også eit ganske dårleg rykte, så eg trur heller eg ville kjøpt han hos ein ebay-selgar med god rating.

      Slett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------