tirsdag 29. januar 2013

L'Oreal - Mysterious Icon




L'Oreal Color Riche Mysterious Icon. Beklager det store, fingeravtrykket på flaska, eg såg det ikkje før etter eg hadde tatt bileta.

L'Oreal Color Riche #805 Mysterious Icon ein moldvarpfarga lakk med antikkgull-farga skimmer. Det er vanskeleg i beskrive fargen heilt, i dagslys ser han lavendelfarga ut, i innelys meir bronse- eller olivenfarga. Eg hadde håpa at han skulle likne litt på min elskede Rimmel Radical (for dei som ikkje kjenner til min hittil fåfengte søken etter Rimmel Radikal, så skal eg få lagt ut ein liten post om det snart) etter å ha sett flaska i butikken, men Mysterious Icon var mykje brunare og mørkare på neglen enn i flaska. I tillegg skimmeret gjev han eit visst duokrom-aktig preg, men ikkje slik som Radical. *sukk* Han liknar ganske mykje på IsaDora Bronzed patina frå i fjor, trur eg - eg har ikkje IsaDora-lakken, men har samanlikna dei i butikken. Uansett, ein flott lakk!

Eg brukte to lag på bileta, og han var lett å legge. Dog anbefaler eg at ein bruker ein glatt underlakk. Dg brukte den matte MicroCell 2000-versjonen, som for øvrig ikkje er spesielt matt, og då drog eg med meg litt av Mysterious Icon slik at eg fekk "nakne" flekkar på neglen. Med ein god underlakk trur eg ein kjem unna med eit lag, for han er veldig pigmentert og tettpakka med skimmer. Det eg har å trekke for er kosten og den lille flaska. Kosten er brei, sikkert 6 mm, og altfor brei for lillefingerneglane mine slik at eg måtte legge kosten på høgkant for å lakke dei utan altfor mykje søl. Ugh, eg hatar breie koster. Og med ein pris på 50 kr for berre 5 ml, er han dyrare enn kva eg sett pris på...

L'Oreal Color Riche #805 Mysterious Icon is a taupe/olive/bronze/lavender-coloured varnish with antique gold shimmer. The exact colour is difficult to tell, I changes due to different light. Anyway, I love it, although I dislike the wide brush and tiny bottle.

2 kommentarer :

  1. Nyyyyyydelig! Synes kanskje den kan minne litt om Bronze Patina på bildet med varmt lys, men ellers virker den veldig ulik - men like fullt vakker! Lurer på om jeg må se om jeg finner den :)

    SvarSlett
  2. Hm, eg liker Mysterious Icon minst i innelys, så då blir det nok ikkje Bronze Patina på meg. MI må eg derimot ha fleire av, men eg ventar til dei har tilbod på L'Oreal-lakkar på Cubus eller H&M.

    Så koseleg å få kommentarar på gamle tråder, forresten! Hyggeleg at nokon les seg bakover i tid.

    SvarSlett

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------