lørdag 12. januar 2013

Essence Peel off base coat og skulelim

Eg hatar, som dei fleste andre, å fjerne glitterlakkar, som til dømes Lady sings the blues . Glitteret blir sittande att på neglen, og ein må anten bruke foliemetoden (aceton på ein bomullsdott på neglen, innpakka i aluminiumsfolie i ca. 10 minutt) eller skrape av glitterrestane, noko som lett kan skade neglen og gi hakk og riper. Så då eg høyrde om ein ny underlakk som gjer at ein kan pelle av heile lakken i eit flak, greip eg sjølvsagt sjansen.

Essence Peel off Base er ein baselakk ein skal påføre neglen før ein bruker glitterlakk (eller vanlege lakkar også?), og som visstnok skal lette fjerninga av lakken drastisk. Andre bloggarar har funni ut at han består av vanleg pva-lim, som tilsvarar skulelim, og eg har forsøkt begge deler. Konklusjonen: Tja, eg er ikkje heilt overbevist, men har tenkt til å prøve om att, for å sjå om eg får betre resultat.

Lim/Peel-off base fungerar ved at ein påfører eit ganske tjukt lag på neglen, utan annan underlakk. Med det samme er det heilt kvitt, og så blir han gradvis klarare etterkvart som han tørkar. Det tar ca. 10 min. Vent til limet har tørka heilt før du påfører glitterlakken. Visstnok fungerer det best om ein kun bruker glitterlakk, ikkje vanleg kremlakk i mellom som "underkjole", men eg har ikkje merka stor skilnad. Påfør overlakk til slutt om du vil. Når lakken skal fjernast, tar ein ein tynn trepinne eller liknande og pressar lakken nedover frå neglebanda. Då løsnar han frå neglen, og ein kan pelle han av i flak. På meg fungerte det berre sånn passe, eg fekk dratt av lakken i flak, men ikkje heile lakken i eitt, slik eg har sett andre få til. Det skal visst fungere betre etter ein dusj, men det har eg ikkje prøvd. Dessutan blei det verande att litt lakk langs sidene, men det kan òg vera fordi eg ikkje fekk dekt heile neglen med lim.

Eg legg ved nokre grusomme bilete av mine nakne og misfargede negler, versågod.

 Essence Peel off base, under China Glaze First Mate og H&M Confetti kisses 
Vanleg skulelim, under Deborah Lippmann Lady sings the blues 
For meir info og betre resultat, sjå Prettypurplepolish sine bloggpostar her og her.

This was ment to be some kind of a review of Essence Peel off base, but I recommend that you to read PrettyPurplePolish' blog posts here and here instead.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------