torsdag 24. januar 2013

Color Club - Wild at heart

Color Club Wild at heart

For ei stund sia kjøpte eg Color Club Wild at heart. Det er ein lilla holografisk lakk, og eg var litt usikker på om eg trengte han, sia eg allerede hadde A England Lady of the lake. Men eg tok han med i bestillinga, og det har eg ikkje angra eit sekund på!

Color Club Wild at heart er altså ein lilla, holografisk lakk. Det er ganske mykje raudt i han, både i sjølve lakken og i regnboga (de skjøner kva eg meiner). Eg er til vanleg ikkje superbegeistra for lilla, men denne er virkeleg nydeleg. Holoeffekta er sterk, og han gjev ein tydeleg, lineær regnbogeeffekt på neglen, både i sol, dagslys og innandørs. <3 Han dekker perfekt på to lag. Eg brukte MakeUpStore AquaFix under, men eg trur han skal vera grei og legge òg utan spesiell holo-underlakk.



Uklart bilete, men sjå dei fiiiine regnbogene!

Eg lagde også ei lita samanlikning med A England Lady of the lake, men det er overhovud ikkje like. Lotl er kaldare i fargen, dusare og mørkare. Dessutan er holoeffekta mykje svakare og ikkje lineær. Ein treng definitivt begge, i alle fall Wild at heart.

F.v. Wild at heart, Lady of the lake, Wild at heart

Color Club Wild at heart, a beautiful red-toned purple, linear holographic varnish (puh!). A must have for holo loverslike me. I compared it with  A England Lady of the lake, but they did not look alike at all.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------