lørdag 12. januar 2013

A England - Ascalon


A England Ascalon, i sollys (nei, eg har ikkje gulsott..)

A England Ascalon er noko så fantastisk som ein stålgrå, holografisk lakk. Den holografiske effekta er ikkje veldig sterk, og han er spredt (scattered), men eg er veldig begeistra for han likevel. I tillegg til å vera holografisk, har Ascalon ein duokrom effekt: tydeleg lilla og svakt grøn. Den lilla effekta klarte eg å fange med kameraet, du ser han circa midt på neglen, men den grøne, svake fargen fekk eg ikkje fram. Bileta i sollys er mest korrekte med tanke på fargen, sjølv om det ser ut som om eg har gulsott (og at bileta blei litt tåkete). I kunstig lys kjem ikkje det duokrome fram like godt, og i dagslys ser han mest ut som ein vanleg, grå skimmerlakk.

Eg har brukt tre lag med Ascalon, men har du ein passande gråfarge, kan du sikkert bruke eitt eller to lag. Dessverre flassar A England-lakkane veldig fort på meg, eg må lakke om att allerede etter ein dag. Det går greit for meg, som uansett skiftar lakk ganske ofte, men for andre er det ei klar ulempe. Eg har sett at t.d. Sminkan har same problemet, men eg veit om mange som kan bruke lakkane frå A England i dagesvis.

Det er for tida, fram til 15. januar, sal på A England på heimesida deira a-england.co.uk. Alle lakkane kostar 6 £, og frakta er gratis. Eg anbefaler Tristan, Ascalon, Dragon og Camelot (min favoritt av svarte kremlakkar). Eugenia hos Ommorphia beauty bar har swatcha alle lakkane.

A England Ascalon is a steel grey scattered holographic varnish with a duocrome purple/green cast. I love it, although it only last one day on my nails before chipping. Check out their sale at a-england.co.uk.

A England Ascalon, kunstig lys



A England Ascalon, i dagslys

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------