mandag 5. november 2012

Barry M - Indigo

Eg trong (vel, eg hadde lyst på) ein klar indigofarga lakk, og bestemte meg for China Glaze First Mate. Men så såg eg denne samanlikninga av blå lakkar hos Caitlin's Creative Corner, og fann ut at det var Barry Ms Indigo eg måtte ha. Han er litt meir indigo enn First Mate, trur eg. Eg hadde ingen Barry M-lakkar frå før, så eg tenkte det kunne vera spennande å prøve noko nytt.

Barry M Indigo, med blitz

Barry M Indigo er altså, ikkje overraskande, ein ekte indigofarga lakk (Off Topic: eg ser at mange, spesielt engelskspråklege bloggarar bruker nemninga "blurple" (=blue/purple), men fargen heiter faktisk indigo, kanskje heilt eksakt persisk indigo.). Ein heilt fantastisk farge, mørk blå med masse raudt i. Konsistensen er noko midt mellom kremlakk og gele, eg klarer ikkje heilt å bestemme meg. Han er ganske tjuktflytande, og av ein eller annan grunn kom det utruleg mykje lakk på kosten, sjølv om eg skrapa godt av på kanten av flaska, så eg endte opp med ganske tjukke lag som eg måtte "skrape" av med kosten etter påføring. Han dekka fint på to lag, men det blei ganske skjoldete (det synast betre på bilete enn i røynda). Det er ikkje akkurat ein god lakk å jobbe med, etter mi meining.

Lakken ville heller ikkje herde ordentleg, og han blei ganske stygg på fleire av neglane, trass i at eg brukte Seche Vite og lot det tørke minst ti minutt før eg gjorde noko som helst. Eg måtte faktisk lakke om den eine fingeren to gonger. Blæh! Og som om ikkje det var nok, har neglabanda mine vært misfarga i fleire dager no, og blåfargen går ikkje vekk.
Oppsummert: Flott farge, grusom lakk. Eg får heller prøve Depends nye #324 og China Glaze First Mate, og håper eg har litt meir flaks med dei.


Just bought my first Barry M-varnish. I love the pretty indigo colour, but the formula was awful - both thick and runny at the same time. The varnish would not dry properly either, although I used my faithful companion Seche Vite - so I ended up with doing some of my nails three times because of all the dents! 
In other words: wonderful colour, but horrid formula.


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

----------------
Takk for at du kommenterar, det set eg stor pris på.
----------------